Vern av Stølsvidda: – Kjemp imot med nebb og klør!

Vern av Stølsvidda: – Kjemp imot med nebb og klør!

Jaslangen: Kanskje flottaste perla i området på Stølsvidda som kan vera aktuelt for vern, dette ut frå lista Fylkesmannen har utarbeidd på eiga hand.
Jaslangen: Kanskje flottaste perla i området på Stølsvidda som kan vera aktuelt for vern, dette ut frå lista Fylkesmannen har utarbeidd på eiga hand. Foto: Trygve Lien

Ola Rogn (Bygdelista) ordla seg tydeleg då eventuelt vern av området var orienteringssak i Vestre Slidre kommunestyre torsdag.

Vestre Slidre: Bakgrunnen for saka er at Fylkesmannen i Innlandet har utarbeidd ei liste over verdfull natur i Oppland og Hedmark som kan vera aktuelle for vern. På denne lista står Stølsvidda i Vestre Slidre og Nord-Aurdal.

Kom heilt uventa

Rådmann Martin Sæbu innleidde med å fortelje at kommunen fekk brev om dette frå Fylkesmannen 28. februar.

– Før brevet visste vi ingen ting. Kommunen er ikkje konsultert i det heile, så dette får Fylkesmannen stå heilt og fullt for sjølv, sa Sæbu.

Irritert: Ordførar Eivind Brenna likte dårleg at Fylkesmannen har sett Stølsvidda på ei liste over aktuelle verneområde utan å varsle kommunen.
Irritert: Ordførar Eivind Brenna likte dårleg at Fylkesmannen har sett Stølsvidda på ei liste over aktuelle verneområde utan å varsle kommunen. Foto: Tor Harald Skogheim

– Ingen prosess

Fylkesmannen har fått oppdraget frå Miljødirektoratet, og har 1. mai som frist for å kome med tilbakemelding til direktoratet. Det er laga ei liste med 121 aktuelle område.

Ordførar Eivind Brenna (Bygdelista) spurde kva slag prosess det er lagt opp til i samband med dette.

– Det er tydelegvis ikkje lagt opp til nokon prosess i det heile, i alle fall ikkje i fyrste omgang, sa rådmannen, som slett ikkje syntest det var greitt å få beskjed i etterkant om at Stølsvidda er med på lista.

Vern gjennom aktiv bruk

Det var varaordførar Haldor Ødegård (Sp) som gjennom varsla spørsmål til ordførar brakte saka til kommunestyret.

– Det er gjennom aktiv bruk, ikkje minst støling og beiting, at området har fått dei kvalitetane det har i dag. Denne utnyttinga må få halde fram utan restriksjonar som eit vern truleg vil føre med seg, sa Ødegård, som stilte seks konkrete spørsmål til ordføraren.

Brev til direktoratet

Fleire av spørsmåla var svara på, og Brenna var klar på at det skal sendast brev med motargumentasjon direkte til Miljødirektoratet. Han oppmoda administrasjonen til å jobbe med dette.

Lars Kvissel (Sp), leiar i Vestre Slidre fjellstyre, støtta Brenna, og sa at det skal sendast brev også frå delar av styret for «utvalgte kulturlandskap».

Rådmannen presiserte at det ikkje er invitert til noko slag høyring, og at eventuelle brev frå kommunen må sendast som eit politisk innspel i prosessen.

Skepsis utanfrå

Kjell Strand (Sp) minte Brenna og andre om positive haldningar dei hadde hatt til hotell og anna reiselivsatsing, blant anna ved Jaslangen, for ein god del år attende, men fekk beskjed av ordføraren om å halde seg til saka.

Strand delte ut ein avisartikkel der ein overarkitekt i Direktoratet for naturforvalting uttrykte skepsis til denne imøtekomande haldninga i kommunen.

– Kanskje er det nokon i systemet som lurer på om vi er i stand til å ta vare på området på ein god måte, og at det er difor dei vil vurdere vern, spurde Strand.

– Må ikkje bli svart-kvitt

Ola Rogn (Bygdelista) var heilt tydeleg:

– Kjemp imot vern med nebb og klør, sa han.

Ketil Rogn-Hamre (MDG) var samd med Ødegård i at kommunen burde vore orientert.

– Men det må ikkje bli svart-kvitt, og vi kan ikkje berre seie nei med ein gong ordet vern blir nemnt, sa han, og meinte om at det er farleg å samanlikne med Langsua, som er nasjonalpark.

Print Friendly, PDF & Email